Ørskog Kino blei stifta i 1947 og har vore i samanhengande drift i 60 år, først i ungdomshuset Fossheim fram til brannen i romjula 1981, seinare frå 1988 i det nyreiste Ørskog Samfunnshus. Ulike lag og organisasjonar har skiftesvis stått for den daglege drifta, Ørskog Idrottslag, Røde Kors, Husmorlaget og Ørskog Ungdomslag. Da Ørskog Samfunnshus a/l blei opna, tok dette laget over drifta, og har altså det overordna ansvaret for at Ørskog framleis har eit kinotilbod. Dersom du er interessert i å lese om den over 60 år gamle historia til Ørskog Kino, er det berre å klikke på "Ørskog Kino 60 år" til venstre på hovudsida.

Ørskog Kino si drift er basert på delvis dugnadsinnsats. Kinosjefen har i dei seinare åra blitt honorert med ei mindre lønn, mens dei andre anten gjer gratisarbeid eller fått ein viss kompensasjon. Ørskog Kino har sesong frå om lag midten av august til ut mai månad. Faste speledagar er søndagar. Innimellom brukar vi onsdagar til ekstraforestillingar. Vi freistar så godt vi kan å skaffe attraktive og aktuelle filmar til alle aldersklasser, så raskt vi kan. For at publikum skal kunne skaffe seg oversikt over tilbodet, annonserer vi i Bygdebladet, dessutan skriv vi ein filmepistel, med noko attåt, kvar laurdag i same avisa. Vi seier oss leie for at denne innimellom kan falle ut, det har noko med inspirasjon å gjere, men vi gjer så godt vi kan. Elles vonar vi at heimesida vår, www.orskogkino.com , kan gi brukande informasjon og oversikt over repertoaret. Dersom nokon føler behov for å ta kontakt med oss, er det berre å bruke e-postadressa, som de finn på heimesida, eller ta telefonen fatt.

Vi har vore så heldige at vi har makta å halde på ein grunnstamme i dugnadsflokken, utskiftinga er eigentleg beskjeden. For tida er det desse som får Ørskog Kino til å svive og gå:

Kinosjef:    Sigmund Braute  (tlf. 70270488 / 92893293)

Billettør:    Per Frode Tangen

Vakter:     Reidar Braute, Norvald Sjøholt, Brynje Vethe, Torleif Sollied

Maskinistar:  Kjetil Ramsvik, Jan Petter Aasen, Bjørn Steinar Skarbø, Inge Gausnes, Sturla Stavseng og Ole Marius Gausnes.