![]()
|
Kinonytt
| Her vil det kome meldingar som kan
vere til nytte for kinogjengarane:
På heimesida vår vil du til eikvar tid kunne gjere deg kjend med dei filmane som vi set opp i nærmaste framtid. Viss du vil orientere deg grundigare om filmane, så er det berre å klikke deg inn på dei ulike lenkene som ligg på hovudsida. Er du interessert i kva som rører seg i film- og kinoverda reint generelt, anbefalar vi lenka FILMWEB. Her står det meste. Vi vil setje pris på tilbakemeldingar om heimesida. Har du andre kommentarar eller ønskje i ei eller anna retning, så er det berre å ta kontakt på telefon 70270488 eller bruk e-postadressa vår, som du finn ved å klikke deg inn på Ta kontakt.
SISTE NYTT: I kommunestyremøte på Fjellstova 17. desember blei det samrøystes vedtatt å finansiere digitalisering av Ørskog Kino. Vidare får vi kommunale midlar nok til å installere eit komplett og nytt lydutstyr henta frå øvste hylle! Med dette er Ørskog Kino ikkje berre redda, men vil framstå kvalitetsmessig på linje med det beste på marknaden. Dette er ei julegåve vi i Ørskog Kino er svært takksame for, og vi trur at heile bygda deler denne gleda med oss. Det nye lydanlegget vil vere på plass i løpet av veke 12, 22.-26. mars, viss alt går etter planen, mens det digitale framvisingsutstyret vil bli montert innan to år. ALLER SISTE NYTT: Og nå er det nye lydanlegget på plass og testa med framifrå resultat. Av uhilda fagfolk blir anlegget karakterisert som eit av dei beste i fylket, om ikkje det beste. Rett nok får vi ikkje utnytta alle mulegheitene og finessane ved utstyret før den digitale projektoren er på plass, først da kan ein snakke om digital lyd. STATUS DESEMBER -10: Ørskog Kino vil vere fulldigitalisert i løpet av mars månad, dersom ikkje noko uføresett vil inntreffe. Det spenninga knyter seg til i desse dagar, er at søknaden vår om finansiering av 3D-utstyr vil bli behandla av kommunestyret om få veker. Vi er optimistiske, men vi får avvente røystinga. I alle fall er situasjonen slik at stadig fleire filmar blir produserte i 3D-versjonar, somme berre som 3D. Dermed er det eit faktum, at skal ein kino i dag vere på høgd med utviklinga, så er 3D-kino eit sjølvsagt tilbod til publikum. Så er vi i mål! 16. desember gjorde Ørskog kommunestyre vedtak om å finansiere også tredimensjonalt utstyr (3D-kino). Dermed vil Ørskog Kino framstå som fulldigitalisert både når det gjeld lyd og bilde i løpet av mars månad og følgjeleg ligge på topp kvalitetsmessig. Dette var ein fin julegåve! Slik det ser ut nå, vil digitaliseringa vere ferdig i løpet av veke 11, og første digitale filmframsyning vil dermed skje søndag 20. mars. Sannsynlegvis blir det ein film i 3-dimensjonal versjon. Sjekk heimesida (hovudsida) til Ørskog Kino! Vel, det blei nok enda ei vekes utsetjing... men nå er alt på plass, digital framvising, digital lyd og 3D. Alt er testa, og resultatet er framifrå. Altså: Nye Ørskog Kino er ein realitet, og søndag 17. april legg vi opp til offisiell opning. Nå gjeld det berre at folk flest kvittar seg med gamle fordommar, som til dømes at alt er best i byen. Nå kan vi utan å skjemmast rope høgt: Film er best på Nye Ørskog Kino! Etter to månaders digital drift er resultatet gledeleg: samanlikna med første halvår i fjor har besøkstalet stige med over 30 % og bruttoomsetninga med over 50%! At det blei satsa på 3D, var fornuftig. Ein stor del av besøksauken kan tilskrivast at Ørskog Kino er i stand til å by på 3D-oppleving. Dessutan har vi fått svært mykje skryt av det digitale lydanlegget vårt, som kan måle seg med kva som helst når det gjeld kvalitet! Nå gjeld det at vi kan halde på denne utviklinga framover når vi opnar haustsesongen 14. august med siste Harry Potter, og det i 3D! Uansett kan vi love filmopplevingar for alle smaksvariantar utover haust og vinter.
|