![]()
|
|
|
|
Søndag 26.02. kl. 18.00 1 t -
30 min 7 år
"LØVENES KONGE" (3D!) Løvenes Konge er Disneys største meisterverk nokonsinne og ein av dei mest populære animerte filmane gjennom tidene. Og nå er han her i 3D-versjon på Ørskog Kino! Det er ein stor dag i løveriket når løveungen Simba blir fødd. Ein dag er det han som skal overta kongetrona etter far sin Mufasa! Dette er til stor glede for alle utanom Scar, Mufasas slemme bror, som sjølv ønskjer å overta trona. Tida går, og den nysgjerrige Simba lærer seg å takle farar som ein kommande konge kan bli utsett for. Han følgjer faren sin, får kloke råd av bavianen Rafiki og leiker med kompisen Nala. Ein dag skjer det noko forferdeleg, Mufasa forsvinn sporlaust - og før ein veit ordet av det, har Scar overtatt trona! Simba blir jaga ut av flokken og må klare seg i den store verda heilt aleine... |
![]()
|
|
|
Søndag 26.02 kl. 20.00 1 t - 34 min 11 år "YOUNG ADULT" Dramakomedie med Charlize Theron om trøbbelet som oppstår når ein vender heim til barnsdomsbyen og trur at alt skal fungere nøyaktig som før. Den Oscar-vinnande skodespelaren Charlize Theron spelar Mavis Gary, ei
forfattarinne av tenåringslitteratur som vender tilbake til den vesle
heimbyen sin, for å gjenoppleve sine glansdagar og vinne tilbake den nå
lykkeleg gifte ungdomskjærasten (Patrick Wilson). Men å vende heim
viser seg å vere vanskelegare enn ho hadde trudd. På jakt etter
fordums lykke, dannar hun eit merkverdig vennskap med ein tidlegare
klassekamerat (Patton Oswald), som heller ikkje har komme seg heilt over
ungdomstida. Filmen har fått strålande omtalar over alt! |
|
|
|
Søndag 04.03. kl. 20.00 1 t- 56
min 15 år
"SAFE HOUSE" Oscar-vinnaren Denzel Washington og Ryan Reynolds har hovudrollene i
den intense actionthrilleren "Safe House". Washington spelar ein
farleg CIA-avhoppar, som etter ti år på flukt frå loven blir teken
til fange og plassert i ei varetektscelle i Sør-Afrika. Men når bygget
blir storma av leigemordarar, må ein fersk politiagent (Reynolds) forsøke
å finne ein veg ut for dei begge. Dei to motpartane må nå samarbeide
om å halde seg i live lenge nok til å finne ut kven det er som ønskjer
dei døde. |
![]() NERVEPIRRANDE ACTIONTHRILLER FRÅ CAPE TOWN |
|
|
|
|
Søndag 11.03. kl. 20.00 2 t - 26 min 11 år "WAR HORSE" "War Horse" følgjer unge Albert og hesten hans Joey, og korleis dei tette banda dei imellom blir brotne når Joey blir seld til kavaleriet og sendt til skyttergravene under den første verdskrigen. Til tross for at han er for ung til å verve seg, set Albert kursen mot Frankrike for å redde vennen sin. Denne nye Steven Spielberg-filmen burde så avgjort appellere til eit ungdommeleg publikum, men også dei vaksne vil nok bli berørte av denne gripande historia om guten som mister hesten sin, men som gjer alt for å finne han att.
|
|
|
|
Søndag 18.03. kl. 20.00 11 år
"KOMPANI ORHEIM" Jarle Klepp får ein beskjed som tvingar tankane tilbake til det han helst vil gløyme; oppveksten i barndomsheimen i Stavanger, da Jarle heitte Orheim til etternamn og levde saman med to foreldre som ville det beste, men kom til kort i kvardagen. Men dette var også ei tid da Jarle forelska seg, blei anitrasist og aktivist, mens musikken uttrykte det han følte og fortalte kven han var. "Kompani Orheim" er historia om tenåringen Jarle og
foreldra hans som strevar med å bu under same tak i Stavanger på
midten av 80-talet. Dei har alle sine håp og draumar, men slit med å
takle dagleglivet. Jarle søkjer tilflukt i musikk, politisk aktivisme
og jenter, men å stå opp mot faren er ein kamp som framleis gjenstår. Kompani Orheim er basert på Tore Renbergs bestseljar. |
![]() EIN NY KINOSUKSESS MED JARLE KLEPP I SENTRUM! |
|
|
|
VI VISER FILMEN I 3D! |
Fredag 23.03. og søndag 25.03. kl. 18.00 1 t - 34 min 7år "LORAX - SKOGENS VOKTER" (3D) NOREGSPREMIERE! Ein ny fantasifull animasjonsfilm frå teamet bak "Grusomme meg" og "Hopp" - basert på ei klassisk barnebok av Dr. Seuss. Den dataanimerte 3D-filmen Dr. Seuss' The Lorax er ein adapsjon av Dr. Seuss' klassiske forteljing om eit skogsdyr som spreier håp til omgjevnadene. Det animerte eventyret følgjer reisa til ein gut som søkjer etter den eine tingen som kan få han til å vinne hjartet til draumejenta. For å nå målet sitt, må han bli kjent med Lorax - eit grettent, men sjarmerande vesen som kjempar for å verne si eiga verd.
|
|
Fredag 23.03. og søndag 25.03
kl. 20.00 11 år
"THE HUNGER GAMES" NOREGSPREMIERE! I restane av det som ein gong var Nord-Amerika, tvingar Panem-nasjonen kvart år alle sine tolv distrikt til å sende ein tenåringsgut og ei tenåringsjente for å konkurrere i "The Hunger Games". The Hunger Games er dels forskrudd underhadning, dels skrekktaktikk frå styresmaktene si side, ein TV-overført happening, der "tributtar" må slåss med kvarandre inntil éin overlevande står tilbake. THE HUNGER GAMES blir regissert av Gary Ross og
produsert av Nina Jacobsons Color Force i samarbeid med produsent Jon
Kilik. Suzanne Collins' bestseljande roman, som har selt meir enn tre
millionar trykte eksemplar i USA aleine, er den første i ein trilogi
som har fått ein stor tilhengjarskare verda over. Difor ventar ein seg
storsuksess med denne filmen. |
|
|
|