ØRSKOG KINO
Eit
historisk tilbakeblikk
Av
Sigmund
Braute
I 2007 fyller Ørskog
Kino 60 år. Ei mengd entusiastiske kvinner og menn har ofra mykje fritid for å
halde i gang eit tiltak i bygda vår som fortener nemninga kulturinstitusjon.
Det har så menn ikkje alltid vore ein dans på roser, men kinoen kan vise til
samanhengande drift, bortsett frå 1981 til 1988, då bygda mangla hus etter
brannen på Fossheim. Når vi i år vil markere dette jubileet, kan også 20 år
som kino i Ørskog Samfunnshus takast med. For det veit vi, Ørskog hadde vore
kinolaus i dag om ikkje samfunnshuset var blitt realisert.
Med dette
historiske tilbakeblikket på Ørskog Kino vil eg først og fremst konsentrere
meg om det som ligg lengst tilbake i tid, nemleg om oppstarten og dei første
par tiåra, for det er nok denne perioden som er mest interessant. Likevel er
det planen å få med glimt frå alle dei seks tiåra, sjølv om stega
innimellom kan bli heller store. Mange namn vil bli nemnde, men det vil vere uråd
å få med alle som fortener ein plass i samanhengen, noko som dels skuldast
skort på informasjon, dels plassmangel. Eg vonar at dei dette går utover, vil
bere over med meg. Dersom nokon skulle sitje inne med informasjon som ikkje kjem
fram i det følgjande, vil underteikna vere takksam for tips.
OPPSTARTEN
Vi veit lite om
kven som først lanserte tanken om ein kino i Ørskog, og når dette skjedde.
Sannsynlegvis måtte fleire ha gått rundt i krigsåra og ruga på ideen, for
allereie i det første fredsåret, i 1945, blir tanken lansert offentleg. Sidan
møteboka for Ørskog Kino dokumenterer oppstarten så klart og greitt, vil eit
direkte sitat yte saka mest rettferd. Det går ikkje fram kven som har ført følgjande
i pennen:
«Planen
om kinodrift i Ørskog kom frå Ørskog Idrottslag i 1945. Det var Petter Braute
som var formann for idrottslaget, og han søkte samarbeid med Ørskog Ungdomslag
og Ørskog Røde Kors. Laga vart samde om å gå i gang med førebuande arbeid,
og det vart skipa eit kinostyre med ein representant frå kvart av laga.
Representant for ungdomslaget var Jens Synes, for idrottslaget Petter Braute og
for Røde Kors Åse Rohde. Åse Rohde var kinostyrar og formann i kinostyret.
Det
fyrste som måtte gjerast, var å få kjøpt eit kinoanlegg, men det var
vanskeleg å få. Direktoratet for fiendtleg eigedom kunne levere eit brukt
anlegg, men det var ikkje av dei beste, og kinostyret torde ikkje kjøpe dette
utan at det var rådlaust å få eit nytt anlegg.
Den
8.8.1946 vart det slutta kjøpekontrakt millom Norsk a/s Philips og Ørskog Kino
om kjøp av eit P.H.4 kinoanlegg. Det vart søkt heradstyret om løyve til å
drive kino».
Frå kontrakten med
Norsk a/s Philips tar vi med at anlegget skulle leverast den 25. september 1946
til ein samla kjøpesum på kr.14050.23. Ein tredel av summen skulle betalast «ved
kontraktens underskrivelse», som det heiter. Resten, kr. 9450.23, måtte ein ut
med 14 dagar etter premieredatoen. Philips tilbyr seg å sende ein mann oppover
for å montere utstyret, men dette måtte kinoen i tilfelle betale ekstra for,
som rett og rimeleg kunne vere. I mellomtida hadde
kinostyret søkt kommunen om løyve til å drive kino, og i møte den 23.11.1945
blir saka behandla i heradstyret. Følgjande ordrette sitat er eit særutskrift
av møteboka for Ørskog Heradstyre frå nemnde møte, og det viser til fulle at
politikarane den gongen var seg sitt ansvar bevisst:
Sak
118/45
Søknad
frå Ørskog Ungdomslag, Ørskog Idrottslag og Ørskog Raude Kross om løyve til
å drive kino i Ungdomshuset,
Sjøholt. Løyve til kinodrift vart gjeve på følgjande vilkår:
1.
Kinodrifta vert leida av
eit styre på 5 medlemer, som vel ut dei filmane som skal synast fram, og leidar
drifta på forsvarleg måte etter gjeldande føresegner. Av styremedlemene vel
heradstyret 2, og dei tre laga kvar ein. Styret vert vald for eitt år om
gongen. Det vel sjølv formann, varaformann og kasserar. Heradstyret tilset ein
revisor for rekneskapen.
2.
Det kan synast fram inntil
40 filmar for året, som regel berre ein film for veka. Sers gode filmar kan det
vere høve til å syna fram 2 gonger. Det kan verte synt fram inntil 10 filmar
for born under 16 år. Dertil kan det verte synt fram skulefilmar og
instruksjonsfilmar som har til føremål beinveges fagleg opplysning.
Framsyningane for born må vere slutt kl. 20. Det må verte halde streng
kontroll med at born ikkje får tilgjenge til framsyningar som berre skal vere
for vaksne.
3.
Av bruttoinntekta skal 10%
tilfalle kommunen. Den del som tilfell kommunen, skal etter kvar framsyning
verte sett inn på konto i Ørskog Sparebank, og oppgjerd vert gjort kvart år,
pr. 30. juni. 5% av det som tilfell kommunen, vert gjeve til Ørskog
Sjukepleielag, som tilskot til løn til sjukesyster i kommunen.
4.
Styret sender kvart år
melding om kinodrifta til heradstyret. Meldinga må vere innkomen
innan ein månad etter at budsjettåret er slutt.
5.
Utlegg til den naudsynlege
innreidning av lokalet kviler på laga.
6.
Dette løyvet til
kinodrift gjeld førebels på 5 år frå drifta kjem i gang, eller seinast frå
1. februar 1946. Med i kinostyret frå kommunen: Lærar Karl Hatlen,
telegrafistinne Bertha Emblem. Ettersynsmann: Handelsstyrar Johs. Brekke.
Denne utskrifta er
underteikna av ordføraren i Ørskog, Olav
Sjøholt, ein mann som synte seg å bli ein ivrig støttespelar for kinoen,
ikkje minst gjennom sine regelmessige og trufaste kinobesøk, år etter år.
Hadde berre dagens politikarar synt same interesse! Utskrifta røpar også andre
interessante haldningar til kinodrift: På den eine sida ein vilje til å
forhalde seg seriøst til driftssøknaden og leggje klare føringar for drifta,
og på den andre sida å ikkje involvere seg økonomisk i kinodrifta, men heller
å sjå på kinoen som ei mjølkeku for kommunen.
Så var grunnen
lagd. Hus hadde ein, ungdomshuset Fossheim, gjennom eigaren Ørskog Ungdomslag.
Om kjøp av kinomaskin var det inngått avtale, kommunen hadde gitt løyve til
kinodrift etter grundig behandling. Ein hadde folk til å drive, men nok straum
hadde ein ikkje! Til nå hadde ungdomshuset fått elektrisk straum frå Ørskogfossen,
men denne hadde ikkje kapasitet nok til å kunne drive dei kraftkrevjande
kinomaskinane, sjølv om det førebels var berre ein av desse. Derfor vart det søkt
Ørskog Kraftlag om straum, og søknaden
vart innvilga på det vilkår at Ørskog Kino betalte 1/3 av det linja ville
koste. Ørskog Kraftlag var privat og leigde kraft frå Tafjord Kraftselskap og
distribuerte den til abonnentane. For å skaffe krafta til kinoen måtte ein
legge linje frå ein transformator på Haukåsen. Fru Åse Rohde, eller
dokterfrua, som ho sikkert blei kalla av folk flest den gongen, tok initiativ og
skaffa tråd, eller kabel til linja. Ho
hadde visstnok kontaktar og fekk det heile billig. Arbeidet blei dels gjort på
dugnad med Hans Os som fagmann, han
var dagleg leiar i Kraftlaget. Men det viste seg at tråden som blei lagd, var
for grann, med for dårleg spenning som resultat. Derfor måtte ny tråd
skaffast og arbeidet gjerast opp att. Men folk var ikkje umaklause den gongen, så
det som måtte gjerast, blei gjort. (Kjelde: Arne
Solnørdal).
Så var den biten på
plass også.
Sjølv om denne
premierefilmen forlengst er ute av distribusjon, har det lukkast oss å skaffe følgjande
opplysningar om han: Originaltittelen
er «The fighting Sullivans», han er amerikansk og er nok prega av at
amerikanarane likte å framstille seg sjølve som heltemodige og idealistiske i
kampen mot Nazi-Tyskland. Brørne Sullivan går inn i krigsteneste etter åtaket
på Pearl Harbor, og om bord på kryssaren «Juneau» deltar dei i slaget om
Guadalcanal. For sin krigsinnsats får dei ein kryssar oppkalt etter seg, «The
Sullivans». Ein skulle tru at ein slik film slo godt an også på Sjøholt i
1947! Av skodespelarane er vel dei fleste ukjende for oss i dag, men mange har
nok gode minne knytt til Anne Baxter.
Eit interessant
poeng kan vere at filmen er knytta til omgrepet «regjeringsfilm». Han blei
sensurert i London i 1945, og når vi veit at den norske regjeringa sat i London
i krigsåra, må det bety at ho også var sensurinstans for spelefilmar.
50-ÅRA
Frå 28.mars 1951
og heilt fram til 17.mars 1972 ligg det føre meir eller mindre systematisk
dokumentasjon om korleis Ørskog Kino utvikla seg i form av til dels sirleg førte
møtebøker. Her kan vi med interesse lese om små og store saker som kinostyre
og kinostyrar måtte ta stilling til og freiste å løyse. Og det kan trygt
seiast, dei fleste blei løyste på ein profesjonell måte. Noko anna som slår
oss, er at det så visst ikkje blei sluntra unna med tilfeldigheiter, alt skulle
vere nøye i samsvar med lover og reglar, kontrollen skulle vere 100 prosent
uangripeleg og dokumenterbar. Skal tru om ikkje vi i dag har mykje å lære av
desse heidersmenn og -kvinner!
Frå eit styremøte
28. mars 1951 veit vi dette: Peder Lande blir tilsett som kinostyrar med ei lønn
på kr. 500.-. Det vil også bli sett opp instruks for arbeidet hans. Petter
Braute skal føre rekneskapen, utan lønn, men denne funksjonen vil truleg bli
lagd til kinostyraren seinare. Vidare blir det vedtatt at ein skal annonsere for
filmane i Sunnmørsposten. Inntil nå har det vore Ungdomslaget sine
styremedlemmer som styrte med vakthald og kontroll, men for framtida vil
kinostyret tilsetje faste folk i denne jobben. Likevel er dette små saker
samanlikna med den siste på saklista, nemleg kva ein skal gjere med eit krav frå
Ørskog Kraftlag på kr.800.- som tilskot til kraftlina frå Haukåsen. Styret
finn kravet urimeleg og vel Karl Hatlen til å tinge med kraftlaget om ei
minneleg ordning.
Men etter ein månad
kjem Hatlen tilbake med uforretta sak, kraftlaget står steilt på kravet, ikkje
noko tilskot til kulturlivet der i garden, nei! Tvert imot trugar dei med å
stenge av straumen til ungdomshuset, dersom ikkje beløpet blir betalt straks.
Og kinoen lyt krype til korset og punge ut. For å lette situasjonen for seg, søkjer
kinoen om ei støtte på kr.300.- frå ungdomslaget, men svaret er negativt.
Ei litt kuriøs sak
frå styremøtet den 6.april same året, er ein søknad frå Arne Sjøholt om løyve
til å selje sjokolade i samband med filmframsyningane. Dette må ha vore ein
dristig tanke for kinostyret, for avslag blir det!
I september 1951
oppstår ei litt kinkig sak. Som eigar av ungdomshuset har Ørskog Ungdomslag
tatt på seg ansvaret for reinhaldet ved filmframsyningane, og nå må
kinostyret sende ei klage til laget over korleis reinhaldet blir skjøtta.
Samstundes blir det sett i gang forhandlingar med ungdomslaget med sikte på ein
ny leigekontrakt. Denne blir underteikna den 12. desember 1951 av Ivar Gjære og
Margot Ekrem. Mellom anna skal kinoen betale kr.30.- i husleige for kvar
forestilling.
Så er det Hans L.
Sjøholt som forsøker seg, men ikkje berre med sjokolade, han vil også selje
drops. Men nok ein gong blir det samrøystes avslag. Med andre ord var ikkje
kinostyret den gongen særleg glad i det søte!
Elles takkar
kinostyret heradstyret for eit nytt driftsløyve for tre år. Tydelegvis har
kinoen mottatt innvendingar frå kommunen med omsyn til filmutvalet, for styret
finn det nødvendig å svare at kinoen blir driven etter dei retningslinjene
kommunen sjølv har sett opp. Det blir også mint om at det er noko som heiter
sentral filmsensur i Noreg, og ikkje lokal.
Elles blir
framsyningsdagane diskuterte, og kinostyret likar som rimeleg kan vere ikkje å
bli fortrengd frå sin faste dag på søndagar av andre arrangement, noko som
kan medføre inntektstap.
Seinare, i oktober,
blir Ivar Gjære etter utlysing tilsett som maskinassistent. Det var heile fem søkjarar,
så desse jobbane må ha vore attraktive på 50-talet. Vidare må Kåre Braute
ha frose på beina i billettkontoret, for han søkjer om å få installert ein
varmomn. Og det får han! Elles ser styret seg nøydd til å gi ungdomslaget,
som til nå har hatt kontrollfunksjonen under forestillingane, ei skikkeleg
skrape. For å sitere Clara Viseth: «Vi
vil henstille til Ungdomslaget å si fra seg kontrollørstillingen da vi finner
den meget mangelfuld. Kinostyret vil ansette en fast kontrollør».
På dette møtet,
den 15. oktober, kjem Olav Sjøholt med eit viktig utspel. Han foreslår at
kinoen kjøper ein kinomaskin til, slik at ein slepp pausene. Forslaget fell i
god jord, som rimeleg kan vere, Myr-Olav hadde greie på jord, ved sida av så
mangt anna. Vedtaket blir at ein vil komme tilbake til saka når pengane er der.
Årsmøtet den 11.
mars 1953 kan vise til eit overskot på kr. 4114,15. Ørskog Kino er på veg
oppover!
Kinoteknisk skjer
det nye ting. Breiformat, eller cinemascope, som det heiter på fagspråket, har
forlengst gjort sitt inntog i Noreg, og to firma har tilbode Ørskog Kino innkjøp
av slikt utstyr. A/S Phillips Oslo har til og med vore på Sjøholt og
demonstrert nyvinninga, men på eit styremøte den 21. februar blir det vedtatt
å sjå tida an i påvente av betre økonomi. Elles blir det på dette møtet
bestemt at billettprisen for vaksne skal førhøyast til kr. 2.-! Vidare kan
forteljast at Sigmund Stavdal er kommen inn i styret istadenfor Olav Sjøholt.
På årsmøtet den
9. august 1956 skjer ikkje dei store omveltingane. Petter Braute er framleis
kinostyrar. Mesteparten av diskusjonen kjem til å dreie seg om ulike rutinar
for kontroll og revisjon av drifta. Pådrivaren her er Sigmund Stavdal.
Overskotet dette året er komme ned i
Vi har tidlegare
kommentert at styret i kinoen så absolutt var sitt ansvar bevisst når det
gjeld seriøs drift. Her skulle alt vere ope og kontrollerbart. Derfor blir
revisor Daltveit innkalla til eit styremøte den 13. august for at hans syn på
saka skulle komme fram, og nokre innvendingar mot gjeldande praksis har han. Nye
rutinar for billettsal blir diskutert, og endskapen blir ei innstramming med nye
skjema som billettøren skal fylle ut, for å nemne noko. Det er komme brev frå
heradsstyret som ber kinoen flytte forestillingane sine frå søndagar til
laurdagar av omsyn til foreiningslivet, som det heiter. Men kinostyret går
imot, som rimeleg kan vere, og argumentet er at søndag er ein betre speledag
enn laurdag, og slik blir det. Noko anna interessant er at kinoen oppmodar Ørskog
formannskap om å drøfte kva ein skal gjere med ungdomshuset,
for ungdomslaget er ute av funksjon.
Elles seier Petter
Braute opp stillinga si som kinostyrar, og stillinga vil bli utlyst.
Når det gjeld
uttaket av filmar som skulle sendast på kinoen, var det frå starten av
kinostyret som stod for dette, men Peder Lande, som blir valt til ny
styreformann på årsmøtet 2. august, etter at Clara Viseth har trekt seg, kjem
med forslaget om at filmane bør takast ut av ein eller to personar istadenfor
heile styret. Han meiner den gamle ordninga er tungvint og urasjonell.
Den 8. november
1957 er ein merkedag. Ein vedtar å gå til innkjøp av noko ein tidlegare hadde
drøfta, nemleg cinemascope-utstyr. Nytt tilbod er komme frå Phillips, nå på
kr.3545,- mot sist kr.4050.-. I tillegg kjem montering på kr.300.-. I heile
etterkrigstida hadde den filmtekniske utviklinga på både lyd- og biletsida gått
framover, og med denne investeringa var kinoen blitt ganske oppdatert. Det som nå
mangla, og som etter kvart var blitt eit sakn, var ein kinomaskin til, slik at
ein kunne sleppe pausene, sjølv om desse vel kunne komme godt med for røykarane.
Elles var det komme inn to søkjarar på den ledige kinosjef-stillinga, frå
Peder Lande og Ole Ringseth, og Peder Lande blei tilsett.
Denne saka kom til
å bli ein føljetong i lang tid framover, men våren -59 blir ein ny
husleigekontrakt sett opp etter at kinoen ikkje hadde komme nokon veg med
forhandlingane og måtte godta kr.75.- pr kveld. Likevel har ikkje kinoen så
seint som i mars 1960 fått kontrakten tilbake frå ungdomslaget i underskriven
stand. Derfor gjer kinostyret på årsmøtet dette vedtaket: «Formannen sender rekommandert krav om å få kontrakten attende i underskriven
stand.» Nå kjem det ikkje klart fram i møtebøkene når kontrakten blei
underskriven, men sjølv ikkje den 10.september 1960 er saka ute av verda. Med
andre ord var det ikkje alle lag og organisasjonar i bygda som var like
profesjonelle når det gjeld driftsform som Ørskog Kino!
1960-ÅRA
Vi går inn på eit
styremøte i Ørskog Kino den 16.juni 1960. Det har vore val på nytt styre, og
det er desse som skal ta hand om kinoen og vonlegvis gi han framgang i starten på
60-åra:
Nestformann:
Berte Melle
Styremedlem:
Jens Synnes
«
Aslaug
Eide
«
Arne
Frøyen
Om det nye
kinostyret sat med usikre tankar med omsyn til framtida, kan nok vere. Men det
dreia seg nok mest om dei nære tinga, slik som eit meir og meir nedslite og
lite tidsmessig ungdomshus og eit kinoutstyr som trong fornying. Nyinvesteringar
stod for døra. Om overskotet frå siste år kunne hjelpe på dette, var vel
heller tvilsamt. Det var på kr.2461.03, av det fekk ungdomslaget og Røde Kors
kr.500.- kvar i utbytte, driftsfondet det same, og kr.461.03 blei avskrive på
maskinar. Elles blei lønna til maskinisten vurdert sett opp, men først ville
dei undersøke med andre kinoar om lønnsnivået der.
1.
BUSSEN, med 585 selde
billettar
2.
OG BAKOM SYNGER SKOGENE
(382)
3.
REKRUTTENES BARSKE BRAVADER (342)
Dette er
imponerande tal, så det er tydeleg at konkurransen frå fjernsynet ikkje har
gjort seg gjeldande ennå, berre dei færraste har skaffa seg dette nymotens
apparatet.
I 1963 gjer
kinostyret ein framstøyt mot kommunen for å få redusert og på sikt få
fjerna den avgifta kinoen betaler til kommunen. Dei har funne ut at kinoane i
Sykkylven, Stranda og Vestnes slepp denne avgifta. Og gleda er stor når svaret
frå formannskapet er positivt. Avgifta vil bli sløyfa frå 1.1.64! Dette fører
til ei innsparing på kr.3000.- i året. Om det er dette som får styret til
diskutere om ikkje den gamle Phillips-maskinen bør skiftast ut, skal vere
usagt, men tanken er der. Dessutan viser det seg at den nye Proton-maskinen
ikkje samarbeider så godt med den gamle, likevel. Det gjeld også å selje mens
ein kan få noko igjen. Dermed vedtar styret å arbeide for ei utskifting og ha
den nye installert haustestider 1964. For den gamle vonar dei å få minst 8 -
10.000.- kroner.
Etter fleire års
innsats for kinoen, reiser Arne Frøyen frå bygda, og Anfinn Tomren kjem inn
istadenfor han, men seinare blir Nils J. Abelseth innvald som ny representant
for kommunen. Året etter blir Abelseth ny formann i styret. Samstundes pågår
lønnsforhandlingar, og etter visse påplussingar fastslår styret at Ørskog
Kino ligg på lønnstoppen samanlikna med andre kinoar på bygdene ikring!
For første gong
syner rekneskapen eit underskot, det er på kr.1024.09. Og nå kan ein tydeleg
merke ein viss pessimisme mellom linjene i møtebøkene.
Noko som kan seiast
å vere enda tristare for kinoen på dette årsmøtet, er at den gamle slitaren
Peder Lande skal flytte frå bygda og derfor må trekkje seg frå kinodrifta
etter svært mange år som krumtapp for Ørskog Kino. Det er altså ikkje berre
innsatsen hans for korpsmusikken og skisporten bygda vår dratt nytte av!
1970-ÅRA
Generelt kan ein
seie at 1970-åra blir ei vanskeleg tid for Ørskog Kino, men dei andre kinoane
kring om på bygdene slit nok med dei same problema, som til dømes den aukande
konkurransen frå andre media, spesielt fjernsynet, som attpåtil etter kvart
kjem i fargar, nedslite teknisk utstyr, lokalitetar som ikkje tilfredsstiller
den nye tids krav. Folk synest ikkje lenger om å slite seg gjennom eit par
timar i eit trekkfylt og kaldt forsamlingslokale på rørstolar, og når bilde-
og lydkvaliteten heller ikkje held mål, er det ikkje å undre seg over at
publikum uteblir og at det stadig blir vanskelegare å få endane til å møtast.
Meir enn ein gong drøftar ein seriøst å legge ned kinodrifta, men det er
ikkje lett å ta livet av ein institusjon med slik ei ærerik fortid.
Waldemar Ørskog
fortel at situasjonen var kritisk og at noko drastisk måtte gjerast skulle
kinoen reddast. Sjansane for å få skifta ut det tekniske utstyret er små,
ungdomshuset har forfalle enda meir, og kanskje er filmutvalet av ein slik art
at det ikkje trekkjer særleg med folk. Men eit gammalt ordtak seier: «Ikkje
noko er så gale at det ikkje er godt for noko». Rundt 1970 kjem dei såkalla
sengekantfilmane frå Danmark, med eit innhald prega av munter, bramfri og
uskuldig sex, og Ørskog meiner at desse kanskje kunne redde Ørskog Kino frå
havari. Ørskog Sparebank har også mista tolmodet og kravde at lånet på den
sist innkjøpte kinomaskinen blir innfridd omgåande. Og underet skjer,
publikumstilstrøyminga aukar, det same gjer omsetninga, og Ørskog Sparebank
blir glad, for dei får pengane sine , og banksjefen kan gå på kino. Ein annan
type filmsjanger som bidrar til ein betre økonomi for kinoen, er dei
italienskproduserte spaghettiwestern-filmane. Men denne omlegginga av
repertoaret skakar visse kretsar i lokalsamfunnet. Frå Kristeleg Folkeparti
kjem det forslag om å inndra den kommunale driftskonsesjonen, partiet vil altså
legge ned kinoen. Saka kjem så langt at kommunestyret tar saka opp til drøfting,
og kinoleiinga blir kalla inn på teppet for å forklare seg. Forsvaret frå
kinoen si side må ha vore sterkt, for kommunen godtar forklaringa, og det heile
roar seg.
1980-ÅRA
1980-åra skulle føre
mangt med seg, ein god del dramatikk og omkalfatringar, som gjorde det nødvendig
å vurdere kinodrift i Ørskog frå grunnen av. Det blei gjort, og resultata
kom, men først mot slutten av tiåret.
Men det skulle meir
utstyr til. Igjen var ein heldig. Av Stavanger Kino blei likerettarar og tre
salshøgtalarar innkjøpt, også billige og gode investeringar. Men når det
galdt resten av utstyret, var det naturleg å satse på nye produkt. Særleg
galdt det lydutstyret, for å fange opp noko av det nye og
banebrytande som hadde skjedd dei siste 10-15 åra på dette området.
Etter råd frå Ødegaard gjekk ein inn for å satse på eit Dolby Stereo
Surround-system med effekthøgtalarar spreidde rundt om i salen, dette for å
oppnå djupne i lydopplevinga og ikkje minst at lyden bevega seg i salen. Sjølvsagt
fanst det dyrare utstyr på marknaden, men det var viktig å halde seg på
marka, sjølv om det var freistande å ta litt av.
Det neste spørsmålet
å ta stilling til, var filmlerretet. Sidan samfunnshuset skulle vere eit
fleirbrukshus, måtte ein ha eit transportabelt system. Det billigaste ville
vere eit teppe som ein kunne skuve fram og tilbake etter behov, men ei slik løysing
ville vere utsett for skadar, og teppet kunne dermed få ei kort levetid. Ein
enda på ei løysing med eit motorstyrt rullelerret. Fordelen med dette var at
det kunne køyrast ned til speleposisjon og etter bruk parkerast oppe i
himlinga, langt unna alle slags aktivitetar. Prisen kom på rundt kr. 90.000.-,
men ettertida har vist at investeringa var fornuftig. Lerretet er godt som nytt,
framleis heilt fritt for skadar.
Eit anna problem
som måtte løysast, var kvar ein skulle plassere dei tre store salshøgtalarane,
dei som må ha ein nøye utrekna posisjon bak lerretet. Å dragse dei fram og
tilbake for kvar gong dei skulle brukast, var utenkjeleg. Altså var ei
permanent og motorisert løysing det einaste aktuelle, som med lerretet. Mange
kloke hjernar sat saman og tenkte, ikkje minst var det bra at Trygve Sandvik var
til stades med sveiseapparatet og mange gode forslag. Etter mykje om og men og
iherdig dugnadsinnsats var både lerret og salshøgtalarar på plass oppe i
himlinga, i nøye utrekna posisjonar, med endebrytarar og alt som skulle til. I
løpet av eit par minutt er det mogleg å få alt kinoutstyr på plass, ferdig
til bruk, og det berre ved å vri på eit par brytarar.
Med dette var
utstyret på plass, med kommunen som garantist for eit lån på kr. 333.000.-.
Men ein god kinosal med amfi var avhengig av at stolane var bra nok, helst
skulle det vere kinostolar. Men kinostolar er
dyre, og ein hadde ikkje råd til å kjøpe dei nye. Nok ein gong hadde ein
hellet med seg. Kinosjefen kom tilfeldigvis over ein annonse frå Edda Kino i
Haugesund, som skulle skifte ut stolane som eit ledd i å pusse opp
festivalkinoen. Heldigvis er det sunnmøringar over alt, som det heiter.
Kinoinspektør Jensen i Haugesund viste seg å vere frå Volda, og på spørsmålet
om vi kjende til Magnhild Hatlen, som han hadde eit godt auge til under
realskuleopphaldet sitt på Sjøholt, fekk han sjølvsagt både eit sannferdig,
men også eit taktisk ja! Dermed var stolane Ørskog Kino sin eigedom, sjølv om
der allereie stod kjøparar i kø. Og prisen var kr.150.- pr stk! Kinosjefen
drog til Haugesund for å ordne opp og gjere alt klart før Magnar Tomren og
Rolf Lid kom etter med den største varebilen til Storfjord. Det blei ein hard
arbeidsdag med å demontere stolane og få dei om bord på bilen. Om morgonen
kom Jensen for å sjå oss i gang. Han rista på hovudet og meinte at vi aldri
ville få med alt på bilen, på langt nær. Magnar Tomren berre såg langt på
han og sa: «Vi får no sjå». Då Jensen kom tilbake i 4-tida om
ettermiddagen, var gutane sveitte, men stolane med alt tilbehør i bilen, og
Magnar hadde løyvt plass endåtil! Flatare fjes enn Jensen sitt hadde ein aldri
sett. Magnar Tomren fekk til fulle bevist at han var ein fagmann. Tungt
overlasta drog Magnar og Rolf mot nord utpå kvelden, og etter ei eventyrleg
ferd med mange punkteringar enda dei til slutt på Sjøholt. Stolane blei lagra
på Valgermo ei tid, men etter kvart tok oppatt-trekkingsarbeidet til med Peder
Lande, den gamle kinomannen, i spissen, sjølvsagt på dugnadsbasis.
Til å begynne med
fungerte kinosjefen også som vakt, men etter kvart melde det seg gode
kandidatar til denne funksjonen. I starten prøvde husstyret i samfunnshuset seg
med ein kinokafe, men etter eit par års tid blei det slutt med den. Det var
vanskeleg å skaffe folk til drifta, og den store gevinsten var det vel heller
ikkje, sjølv om mange sette pris på det miljøet han skapte.
I alle fall var Ørskog
Kino i drift igjen. Bygda hadde fått eit kultur- og underhaldningstilbod, og
dei som stod for drifta var avgjort optimistiske med omsyn til framtida til
kinoen.
FRÅ 1988 til 2007
Ved starten i 1988
var optimismen stor. Ein meinte at kinoen ville gå svært godt, spesielt av di
ein kunne tilby eit produkt som kunne konkurrere med bykinoane når det gjeld
filmteknisk utstyr og lokalitetar. Derfor opererte ein med budsjett der
inntektene var overvurderte. Den harde kvardagen har vist at besøkstala i snitt
har lege under det forventa, stundom har det gått rett bra, andre gonger med
nedslåande resultat. Ein opna sterkt med faste kinodagar på søndagar og
onsdagar, men dette er blitt redusert til berre søndagar, med det unntaket at
populære filmar er blitt køyrde også på andre dagar, for det meste onsdagar.
Elles har ein fått
mange bevis på at dei vala som blei tekne når det gjeld innkjøp av
filmteknisk utstyr, var fornuftige. Det har ikkje vore behov for så mange
nyinvesteringar, stort sett berre med vanleg vedlikehald, og eit par gonger
hovudservice med innhenta ekspertise. Men dei siste par åra har kinoen fått
oppgradert lydanlegget og skifta ut den gamle og ”forhistoriske”
likerettaren. Dessutan freistar kinoen å følgje med i tida når det gjeld PR
og annonsering. Det viktigaste er Ørskog Kino si heimeside, www.orskogkino.com,
der lesaren kan halde seg oppdatert på kommande filmar og andre aktuelle saker
knytte til film og kino. Likevel blir den neste og avgjort mest dramatiske
omlegginga av kinodrifta i Noreg (og i resten av verda) den uunngåelege
digitaliseringa av kinoane. Ekspertar og andre spåmenn reknar med at om tre til
fem år vil dette vere ein realitet landet over. Da vil vidare kinodrift i Ørskog
vere avhengig av om vi maktar omlegginga. Til all lukke ser det ut til at den
statlege og bransjemessige støtta vil bli såpass høg, at Ørskog Kino om
forholdsvis få år kan vere digitalisert. Men den tid, den glede, som det
nesten heiter.
FRAMTIDA
Å spå om framtida
er ein vanskeleg idrett, ikkje minst gjeld dette kinodrift på landsbygda. Eitt
kan seiast for visst, og det er at offentleg filmframsyning iallfall vil halde
fram i 60 år til, uansett kva for tekniske nyvinningar som måtte dukke opp på
dette området. Det som underbyggjer denne påstanden, er først og fremst at
folk vonlegvis vil gå leie av den private DVD-sjåinga og i større omfang søkje
tilbake til fellesopplevingar i kinosalen, der også den tekniske standarden med
sine dimensjonar framleis er best. Men føresetnaden er at den enkelte kinoen
kan by publikum gode og aktuelle filmar, at kinosalen er komfortabel og både
bilde -og lydkvaliteten er tidsmessig, at kinoen er i stand til å følgje på
med nyinvesteringar og ikkje lar alt suse og gå. Om mogleg lyt kinoen, gjerne i
samarbeid med andre, tilby publikum eit miljø rundt kinoforestillingane, t.d.
kinokafe o.l.
Men det aller
viktigaste for å sikre eit desentralisert kinotilbod, er at innbyggarane i
lokalsamfunnet er villige til å støtte opp om kinoen, og det gjer ein ikkje
ved å seie som så mange gjer: «Kjekt med kino i bygda», men sjølve set dei
aldri sin fot der. Men kanskje enda meir frustrerande er det stadig å vere
vitne til lekkasjen til byen, berre for å få sett filmen nokre veker
tidlegare. Det må ein få lov til å kalle sabotasje, bevisst eller ubevisst.
Kanskje er det framleis «finare» å sjå filmen i byen?
Den mest vanlege
driftsforma for kinoar i Noreg er kommunal, og kinodrift er blitt akseptert som
eit kommunalt ansvar og definert deretter. Det vil seie at det er kommunen som
er ansvarleg for drifta, med investeringar, bygningar, tilsettingar, lønningar
osb. Likevel blir mange kinoar drivne på idealistisk dugnadsbasis, utan eller
nesten utan lønnskostnader. Det kan vere lag, organisasjonar eller
privatpersonar som står bak som ansvarlege. Særleg er dette situasjonen på
landsbygdene, men her opplever ein at stadig fleire kinoar bukkar under av ulike
årsaker. Her i distriktet har kinoane på Skodje, i Tennfjord, ei stund i
Brattvåg, Vestnes, Vikebukt og Tresfjord måtta legge ned, berre for å nemne
dei nærmaste. Den viktigaste forklaringa på denne sørgjelege epidemien er nok
at kommunane ikkje har vore villige til å gå inn med økonomisk bistand.
Kinodrift blir lavt prioritert når pengar skal delast ut. Nokre tusen i rituell
støtte har monna lite når ein ser på det reelle behovet. Dermed har utvegen
ofte blitt nedlegging.
I Ørskog har
kinoen aldri lege kommunen til byrde. Han starta opp, som tidlegare nemnt, som
ei mjølkeku for kommunen, sjølv om det ikkje var så mange dropane ein fekk
ut. I 60 år har kinoen i hovudsak klart seg sjølv, noko som må kallast ein
kulturinnsats av høg rang, og dei som har vore involverte, har all grunn til å
vere stolte av innsatsen sin. Den lange rekka av involverte personar, og den er
verkeleg lang, har tatt på alvor det som mange, ikkje minst politikarar i
festlege stunder, uttrykkjer så varmt: «Skal vi gjere bygda vår attraktiv å
bu i, må vi satse på kultur og fritidstilbod». Rett nok har Ørskog kommune
dei siste åra skjønt at det å drive kulturhus og kino ikkje gjer seg sjølv,
derfor er ei ordning med driftsstøtte komme i stand, men ikkje utan kamp.
Sigmund Braute